3. Tenk heilskap
Utover å tenke at fargene må koordinerast for alle personane i bildet, er det også viktig å tenke ein slags heilskap rundt bildet. Det er viktig å ikkje velje fargar som berre vil “gli inn” i bilde og gjere at personane på bilde blir borte. Kva for fargar vil gjere at merksemda rettast mot personane på bilde? Du kan også tenke heilskap når det kjem til kva som er flatterande for din kroppsform, og kle deg i klede som viser får fram sider ved deg sjølv som du er ekstra fornøgd med. Kanskje du til og med kan tenke litt over kor du skal henge bilde til slutt? Da vil det vere lurt å trekke fram ein farge frå omgivelsene bilde skal henge i, og bruke det bevisst til å skape ein heilskap. Det er også viktig at ein person ikkje “stel” all merksemda på et gruppebilde ved at de for eksempel har på seg ein sterk farge.
Ønsker du derimot at personen skal stå ut, og stele merksemd, i landskapet? Da kan du bruke sterke fargar som blikkfang.
4. Prøv å unngå mønstre / striper!
Striper og mønstre kan fort virke veldig forstyrrande i et bilde. Det kan stele merksemd frå personane, og skape uro. Derfor vil eg anbefale og ikkje bruke stripete eller mønstrete klede, og også unngå klede med logoar og påtrykk. Det er svært forstyrrande å sjå på et romantisk bilde på ein strand, også står det “Nike – just do it!” midt på brystet til personen i bilde. Det er jo sjølvsagt greitt med litt mønster, så lenge de ikkje skaper ein slags “krasj” i bilde. Under ser du eksempel på rutete skjorte som ikkje er for forstyrrande. Hadde dette derimot vore et gruppebilde kor nokre hadde solide fargar og ein person hadde rutete skjorte, ville det i større grad ha forstyrra.
5. Vel deg eitt smykke
Eitt smykke eller ein klokke er fine detaljar og ha med seg på bilde. Du må passe på at det ikkje er detaljane som stel all merksemda. Klarer du å finne et smykke som passar fint inn i heilskapen, men samtidig gir det “vesle ekstra” til et bilde? Under ser du et eksempel på akkurat det, klokka og skjerfet til jenta på bilde er fine detaljar i et elles ganske nøytralt bilde, men de er ikkje så store at de stel merksemda vekk frå smilet.
6. Lag
Kle de i fleire lag. Lag skaper interesse, men gir også mogelegheit til å fjerne klede dersom det blir varmt. Tynne skjerf, hatt, vest, cardigans, strømpebukser, blazer, jakker.
7. Sko
Sko og tilbehøyr er også viktig. Et flott antrekk med feil skoval vil ikkje sjå like bra ut. Tenk på korleis skoa passar til kleda så vel som smykke og panneband osv. Tilbehøyr kan også tilføre ein dash med farge dersom det er ønskeleg!
8. Hår og sminke
Fiks hår og sminke slik du ønsker å bli kjent att om nokre år. Naturleg sminke er å anbefale. Ta gjerne med ein hårbørste og ein sminkekost for å fikse deg rett før fotografering.
Sjekk bilda som ligg under, der er det satt saman mange antrekk i ulike fargeoppsett- håper dei kan vere til hjelp og inspirasjon.
Om det elles skulle vere noko, så er det berre å ta kontakt.