Gull i Norgesmesterskap
Leave this field empty
Thursday, March 24, 2022
By Fotograf MA
Pin It

Premiert med GULL i Landskonkurransen 2022

Eg har tidlegare i mi fotografiske karriere konkurrert i NM, har blant anna enda opp som fylkesmeister eg har fått Daguerrepris, også har eg stukke avgårde med pris for beste barnefotograf i Norgesmesterskap, samt høgst premiert kvinneleg fotograf. Også har eg vunne prisar internasjonalt- så eg har tidlegare fått bekreftelse på at arbeida mine er innenfor ein høgare standard. Det har betydd meir enn mykje!

Men så har eg for ei periode latt vere å konkurrerer.
Det er så hard konkurranse- og eg har så dyktige kollegaer, så eg har rett og slett ikkje turt prøve igjen..

I vinter la eg ut ein tråd på sosiale medier der eg leika meg litt med tanken om å sende inn bilder til deltaking i årets Landskonkurransen, som er ei prestisjetung konkurransefor profesjonelle fotografar i Norge. Eg fekk så flott responsa av "dei som heier på meg"- at eg hoppa i det.

Eg sendte inn 6 bilder, og håpa på å få diplom på fire. MEN- alle har blitt premierte! Det er så overveldande!!

Da det var prisutdeling i Kristiansand, så hadde eg blitt invitert til å kome da eg fekk på forhånd vite at eg var blitt premiert. Men eg tok meg ikkje råd til å reise sørover. Det skulle eg kanskje ha gjort, for eg fekk mange premiar og eit av blida mine fekk høgste skår i kategorien Barn.

Eg enda opp med GULL, BRONSE, HEDERLIG OMTALE og ANTATT på 3 bilder.

Det er heilt utrulig, faktisk!! Eg er så overvelda- og av også å få også få GULL!! Så høgt premiert har eg ALDRI blitt før- sjølv ikkje då eg blei kåra til Årest Barnefotograf. Så dette er verkeleg stort for meg, verkeleg! Tenk å få få ei slik utmerkelse- og særleg godt kjennes det sidan eg har vore så utruleg redd for å konkurrere igjen. Dette gir verkeleg meirsmak- så no gler eg meg til å gjere fleire kreative fotograferingar igjen. Håper også at det blir mykje henvendelsar i studio framover- det hadde vore kjekt med ei travel periode etter stille stille i pandemien.

 

 

Leave a comment: