Det er fotografen som er eigar av bildet- det betyr at han/ho er den juridiske eigar. Sjølv om ein kunde betaler for fotografering- så er det fotografen som eig bilda. Ein kunde kan kjøpe bruksrett til bruk av bilda (digitale pakkar) og framkalle bilde der det er ønskeleg. Ein kan også gjennom kjøp av bruksrett publisere bilde på instagram eller andre sosiale medier. Ein skal være forsiktig med å gje bilda vidare, dette bør vere avklart med fotograf. Vidare salg av bilde er ikkje lov, skal bilde selgast til andre (firma/utsmykking etc) skal opphavsmann/kvinne kontaktast for eiga og ny avtale.
Firma som kjøper bilder til fri bruk, kan bruke bilda til bruk etter avtale med fotografen. Ein bør kontakte fotografen på nytt om bruksrett skal utvidast. Dersom eit firma har kjøpt bruksrett til eit bilde til promotering (annonse, utsmykking) skal bilde/bilda brukast kun til dette. Om firma skal t.d gje ut ei bok og vil bruke eit bilde til Cover på boka, må fotografen (eigar av bilde) kontaktes på nytt for å inngå ny avtale om bruk.
For å bruke eit bilde på nett privat eller i bedriftsammenheng (kommersielt) så kan man berre gjere dette om ein har kjøpt bruksrett til bildet. Bilde som blir brukt (kommersielt eller printa) utan bruksrett (dvs at ein ikkje har kjøpt rettigheiter til bilde) for blir sett på som bildetjuveri. Dette er straffbart. Det same gjeld også bruken av bilda som print. Dersom eit bilde brukt utan fotografens (bildets eigar) tillatelse er dette ulovleg og kan koste deg dyrt. Fotografen har som eigar av bilde rett til å krevje betalt for dette. Som sådann er verkene for handelsvarer å regne, der opphavsperson/fotograf setter den monetære verdien og har krav på betaling. Dette gjelder for både fysisk og digital form av verkene. Dette blir regulert av åndsverksloven.
Er du i tvil om du gjer det på lovleg vis, ta kontakt med eigar av bildet og spør...